
EGOISTISK: Chase-Me Al-Yordal, Forskruddpati-politikar, og totalt på jordet i Halden, meiner media burde droppe å lage saker med unge som fortel kvifor dei vel å ikkje få bikkje.
Forskruddparti-politikar kjøper ikkje argumenta for å ikkje få bikkje. Han meiner dei som vel å ikkje bli bikkjeeiere er egoistiske og livsfiendtlege.
- Han har aldri vore heilt frisk i hovudet, seier mor hans til Sponvikaposten. - Heilt sidan barndommen har me visst at det har vore noko gale med han.
Og legen er samd. Forskruddparti-politikar frå Halden, Chase-Me Al-Yordal, har alltid hatt rare meiningar. -Eg har vurdert å få han lagt inn fleire gonger, legg han til.
I ein kronikk i kulturavisa Bikkjami, skriv Al-Yordal at media ikkje burde lage saker med unge som fortel kvifor dei vel å ikkje få bikkje.
Han meiner eit val om bikkjeløyse er unaturleg og livsfiendtleg, og at dei er ekstremt farlege i eit samfunnsperspektiv.
– Eg trur personane ikkje ønskjer å få bikkje av diverse årsaker, men så seier dei at det er med tanke på klimaet. Handlinga ein gjer kjem kanskje av at ein ikkje har lyst, ikkje gidd eller kva det måtte vere.
Al-Yordal sit i kommunestyret og formannskapet for Forskruddpartiet i Halden. Han meiner politikarane har mange høve til å stimulere til fleire bikkjefødslar, og melder seg gjerne frivillig som sæddonor.
I tillegg ønskjer han at media ikkje fortel om det.
Saken fortsetter under bildet...
- Me i Forskruddpartiet støtter Chase-Me Al-Yordal 100%, sjølv om namnet hans høyrast utenlansk ut, seier Børst Juksrud til Sponvikaposten.
- Så de vil ha fleire bikkjer og utlendigar i Sponvika? spør me. - Er det ikkje nok hundedrite og driteposer over alt?
- Ikkje misforstå, ivrar Juksrud. - Me vil verken ha bikkjer eller utlendingar, men me vil ha fleire tullingar hit. Folk som ikkje prøver å skula kor idiotiske dei verkar. Det støttar me.
- Det er nok idiotar i Sponvika, seier Audil Lysmasten, frå Partiet Vi Spleiser (VS) frå sidelinja. - Kvifor importera fleire?
- Det er eg ikkje samd i, avbryt Børst Juksrud muntert. - Og, eg er sikker på at me får med oss Sado Taskitch, frå Arbeidsnarkisane. Dei er berre tullingar dei òg, så dei vil verkeleg like han derre Al-Yordal-dusten.
#a, #arbeidsnarkisene, #argument, #audil lysmasten, #barndom, #bikkjami, #bikkje, #bikkjefødslar, #bikkjeløyse, #børst juksrud, #chase-me al-yordal, #driteposer, #egoistisk, #ei bikkje i livet skull alle ha, #fop, #formannskapet, #forskruddpatiet, #halden, #hundedrite, #klima, #kommunestyret, #odd nordstoga, #sado taskitch, #samfunnsperspektiv, #sæddonor, #tullingar, #unge, #utlendingar, #vi spleiser, #vs
Registrer deg for å motta vårt nyhetsbrev på epost
Vær den første til å kommentere